Temaet for Arkivdagen 2009 er ”Fritid”
Omgrepet fritid eller fritidsaktivitetar femnar vidt. Vi har individuelle aktivitetar som privat tur- og friluftsliv, hobbyar inne eller utomhus og vi har organiserte aktivitetar som til dømes kor, orkester, idrettslag, ungdomslag, natur- og turorganisasjonar.
Hordaland fylkesarkiv er ein del av Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Det er fylkesarkivet si lovpålagde oppgåve å ta vare på fylkeskommunale arkiv, men vi tek også vare på arkiv frå stiftingar og private organisasjonar i Hordaland som ønskjer dette. Når det skjer endringar i fylkeskommunale organisasjonar, eller dei vert nedlagde, kjem arkiva til fylkesarkivet. Vi har difor hand om ein del arkiv frå song- og musikklag, ungdomslag og idrettslag.  I denne nettutstillinga skal vi ta føre oss nokre av desse, med hovudvekt på arkivmateriale frå eigne hyller.